Nye fisketider for Sogn & Fjordane
Nye Fisketider for Sogn & Fjordane er vedtatt i den forskriften
( Klippet fra www.fylkesmannen.no )
Fylkesmannen har vedtatt ny forskrift om fiske i vassdrag med laks og sjøaure. Forskrifta skal gjelde for perioden 2010-2014.
Overgangen til å forvalte etter gytebestandsmål, kombinert med eit sviktande lakseinnsig, har gjort det nødvendig å redusere fiskesesongen i mange vassdrag. Lokale fangstkvotar bidrar også til å redusere fangsten av laks.
- Hovudendringar i forskrifta i forhold til førre periode;
- Det blir ikkje opna for fiske i Flåmselvi og Kvamselva
- Det blir ikkje opna for fiske etter laks i Redalselva og Rivedalselva
- Fiske blir avslutta i alle vassdrag seinast 31.8 med unntak av Gaula der fiske blir avslutta 15.9
- Fisketida i Nausta og Daleelva i Høyanger er redusert med 4 veker
- Fisketida i Sogndalselvi er redusert med 2 veker
- I Lærdalselvi er det vedteke å opne for fiske etter laks 1.6-31.8
- Det blir framleis ikkje opna for fiske i Ytredalselva (Vadheim).
- Det blir framleis ikkje opna for fiske etter laks i Aurlandselvi, Fortunselvi, Mørkriselvi og Jølstra. Det blir opna for fiske etter sjøaure i Jølstra mellom kl 20 og 06.
- Det blir framleis ikkje opna for fiske etter sjøaure i Lærdalselvi.
- Fiskesesongen blir oppretthalde i Gaula og Osenelva, fordi fisket er stramma inn gjennom lokale fangstkvotar.
- I tillegg er det vedtatt lokale reglar for å avgrense fisket i fleire vassdrag.
- I nasjonale laksevassdrag skal bestandsoppgangen vurderast midt i fiskesesongen, slik at det kan settast i verk tiltak om nødvendig. Midtvegsrapportering blir og innført i vassdrag som har problem med å nå gytebestandsmålet.
Forskrift av 19. februar 2008 nr. 181 om fiske i vassdrag med laks og sjøaure 2008-2012 i Sogn og Fjordane vert oppheva.